Inner gammelsetra
Seterprodukt

Inner Gammelsetra er ei fullforedlingsseter og all mjølka som produseres på setra foredles på plassen.


Hjå oss kan du både få smakfulle seterprodukt laga på tradisjonelt vis, og særegne opplevingar der du får være med å ta del i og lære om drifta på setra. 


Vi har ei glødande interesse for kulturen og kunnskapen som ligg i seterdrifta og gledar oss til å ta deg i mot og vise fram gode seterprodukt og den flotte setra vår. 


Vi har severing på setra og du kan kjøpe med produktar direkte frå setra. 

BRUNOSTEN 

Brunosten er det produktet vi brukar mest tid og resursar på i løpet av ein dag på setra. 


Vi kokar ein fløtemysost på kumjølk. Dette er eit handverksprodukt som blir kokt for hand i vedfyrt jarngryte, der alt arbeidet blir gjort for hand. 


Budeias tips: frys ned brunost til jul og påske.


RØMME

Rømme blir ikkje det samme etter ein har smaka ordentleg seterrømme, det kan dei fleste budeiar og budørar skrive under på! 


På Inner Gammelsetra lagar vi rømme av upasteurisert fløyte. Mjølka kyrne produserar på fjellbeite er eit skikkelig kvalitetsprodukt som  det er mogleg å lage knakande god rømme av. 

GUBBOST

Gubbost er ein tradisjonell ost frå området. Det er ein feit og mild ost som tradisjonelt vart bruka til fest. Gubbosten er koka på heilmjølk, og vart derfor rekna som verdifull. Budeia koka gjerne gubbost av den siste mjølkinga før ho reiste heim frå seters.


Gubbost og andre heilmjølksprodukt som liknar blir koka i mange ulike variantar i det langstrakte landet vårt. Nokon plassar er Gubben lys, andre plassar er han mørk. Den smørbare, moste varianten gomme kokast også mang ein plass. Men i Grudalen skal han helst væra lys og ha store sjateringar. 


Gubben er god aleine eller saman med syltetøy på skiva. 


Budeias tips: Frys ein gubbbit, så har du stasost til jul.

SETERSMØR

Får du tak i ein av årets boksar med setersmør, da er du heldig! Det brukar nemleg å gå som varmt hvetebrød med ein gong vi har kinna. 


På setra kinnar vi av upasteurisert rømme, dette er den tradisjonelle måten å gjæra det på, og gjer smøret ein lett syrlig smak. Kinning er ein omstendelig prosess. Smøret skal: kinnast - bråkast - kastas - saltas og pakkas. Men når ein er ferdig og får smaka, da kan ein forstå kvifor smøret har vorte samanlikna med gull. 

PRIM

Primen lagast av brunostrestar og fløyte. Den mørke brunosten blanda med fløyte gjer primen ein sterk men rund smak, og slår godt ann blandt alle generasjonar. 

Romjegraut

Å gå ut med eit brett med rykande rommjegraut til deg når du er på besøk hjå oss, det tykkjar eg er stas! Eg tykkjar det er stas fordi eg veit at han er kokt på den beste rømmen eg veit om, med fersk mjølk produsert av Fjellros, Kvitlin, og resten av sommarens kyr. Eg kjennar alle timane bak på kroppen, og eg er stolt, for eg veit at grauten smakar akkurat så godt at alle timane er verdt det. 

- Budeie


Rømmegrauten du får servert på Inner Gammelsetra er kokt på rømme fra setra og servert med flatbrød (som oftast baka på setras vedfyrte takke), saft og spekemat. 


Kjem du kl.19 på Grøvuhelg, får du rømmegraut rett frå ostegryta i kjennt Grudalshelgstil. 

Vaffel med seterrømme

Nystekte vaflar som er stekt i gamle støpjærn, det er dei beste vaflane! Saman med seterrømme, syltetøy og kanskje ein brunostbit? 


Det må være smaken av lykke saman med ein kopp kaffe<3 

Rømmetalerken?

Tradisjonell kraftkost! 
Bestillar du ein rømmetalerken får du seterrømme med kavring og sukker. Kraftig kost, men godt.