Inner gammelsetra
Opplevelser

Velkommen til seters

Seterkurs

I år har vi to seterkurs, eit vekeskurs og eit kortkurs. Kortkurset varer i 3 dagar i veke 28 frå 7. til 11. Juli. Vekeskurset i veke 29 varer frå 14. til 20. Juli.


På kursa vil du få ei praktisk innføring i seterdrift med innslag av teori. Som kursdeltakar vil du få ta del i den daglege drifta på setra, med mjølking, separering og ysting på tradisjonelt vis.


På det lange kurset vil du lære teknikkar knytt til produksjon av brunost, stjørost, saupost, gubb, smør og rømme. Stell av dyra, mjølking, separering av mjølk, vask, reinhald og deltagelse i andre daglege arbeidsoppgaver inngår også i opplegget. De får også ei innføring i lokal og nasjonal setertradisjon, samt bakgrunnen for seterdrift vår.


Ein guida tur i dalen inngår også i opplegget.
På det korte kurset utgår tur i dalen, kinning og saupost og ein vil gå mindre i djubda i dei ulike tema sidan ein vil fokusere på det mest grunnleggjande.


Kursdeltakarane innlosjerast på stabburet ved KNT si hytte 200 m frå seteranlegget, men alle måltid er på setra. Overnatting og mat er medrekna i kursavgifta, som er 4600/3200 kr for studentar og 5900/4600 kr for øvrige. Kurset har ei nedre aldergrense på 14 år, og har ingen øvre aldersgrense. For dei under 14 år tilbyr vi konseptet "seteropphold".


Ta kontakt på mail post@innergammelsetra.no for mer informasjon og påmelding

Seteropphald

Vil du sjå seterlivet frå innsida? På seteropphald får du være med og oppleve setra frå innsida, du kan være med i fjøset, hente kyr og koke ost. Under ett seteropphold bestemmer du sjølv kor mykje og kva du ønsker å delta på.


Seteropphold passar for alle aldersgruppar og er ein fin mogleghet til å ta med barn til fjells, og kan være ei fin oppleving for fleire generasjonar. Du vil få frukost, middag og kveldsmat under oppholdet, men overnatting må du stå for sjølv. 

Annet?

Ta gjerne kontakt med oss om du ønskar å besøke setra saman med ei større gruppe og ønskar eiga tilbod? 

Ta med bedrifta, speidergruppa eller storfamilien på middag/ostekoking/fjøsstell?