Inner gammelsetra
Inner gammelsetra

Inner Gammelsetra er ei seter drevet av ungdom der vi driv under slagordet "Gamle tradisjonar i unge hender". Setra vår ligg på nordmøre i vakre Grøvudalen og er ope for besøk heile sesongen.


Folk og fe på setra 

Vi har med oss omlag 8 kyr til seters kvar somar.  Dei er trivelege damer av rasen NRF (vanleg mjølkeku). På dagtid beitar dei fritt i dalen på gode fjellbeitar, og morgon og kveld mjølkast dei på setra. Desse trivlege damene produserar mellom 120 og 180 L mjølk i døgnet. Mjølka som er særs god i og med at ho er produsert på fjellbeite, og ho blir til gode stølsprodukt som blir laga på tradisjonelt vis på setra. 

"Vi" som mjølkar kyrne og produserar produkta er omlag 15 ungdommar mellom 14 og 30 år som jobbar turnus i løpet av sommaren. Det er ca. 4 stk. som jobbar samtidig på setra. Vi elskar å bruke sommaren som Budeie/Budør på setra! Og synes det er kjekt å være med å ta vare på kulturen, kunnskapen og kulturlandskapet som er knytt til seterdrifta. 


Fullforedlingsseter 

Inner Gammelsetra er ei fullforedlingsseter, dette innebær at all mjølka blir foredla på setra før seterprodukt bli frakta ned frå fjellet. Det blir foredla omlag 110 L mjølk kvar dag. Brunost, gubbost, rømme, smør, og prim er blandt produkta som blir produsert.

Å ta vare på tradisjonshåndtverket er noko vi synast er viktig. Brunost og gubbost blir koka på den vedfyrte jerngryta vår.

Å utnytte ressursane på plassen er på mange måtar ein av grunnpilarane i seterdrifta. Ved å utnytte beite og vedskog kan vi ta vare på både tradisonelle metodar for foredling og kulturlandskapet. 

Setersessongen 2024

I sommer har vi åpent fra
24 juni til 9. august.

Vi ønsker deg velkommen på besøk nesten når som helst på døgnet, men det kan være du må vente til vi er ferdige i fjøset før du får vaffel ;-)

Følg oss på sosiale media

Arrangement

Vårdugnad


Buferdsdag:

Følg kyra til seters!


Seteropphold

Seteropphold

Seterkurs

Les meir om kurs

Grøvuhelg 50 år med ungdommelig seterdrift!

 Les meir om Grøvuhelg


Buferdsdag:

Følg kyra hjem!


Høstdugnad